Eksamen er overstått, og no gler vi oss til ferie


posted by Susanne H.

No comments

Eksamen er endelig overstått (tysk skriftleg på tysdag) og sola har stått høgt på himmelen heile veka bortsett frå i dag. I dag er det overskya, og eg sit skuffa på biblioteket i shorts og singlet. Jippi.

Eksamen gjekk heilt OK, og eg er berre glad for at eg er ferdig med den for i år. Får 1 veke tidlegare sommarferie enn dei andre stakkars elevane på Hafstad som skal opp i muntleg. Difor synest eg det var greitt å komme opp i skriftleg.

Har forresten kjæresten på besøk heime også, og det er skikkeleg kosleg! Savnar han når han er i Oslo. I går og forigårs var vi og bada saman med nokre venner i Førdefjorden. Herregud, det var kaldt. Det var sikkert ikkje meir enn mellom 10 og 15 grader i vatnet. Så er eg jo sjølvsagt blitt solbrent. Det blir man når det er 28 grader i skuggen og sola steiker som ein vulkan!

I kveld skal eg til Fossheim og grille saman med roverane i speidaren og planlegge kva vi skal gjere vidare i år. Det eg veit at eg vil, er å bli tatt opp som rover og få raude roverklaffar på skuldrane. Det hadde jo også vore kjekt med nokre lengre overnattingsturar på fjellet i den norske, herlege naturen.


(skreiv tidlegare idag)



Treninga byrjar


posted by Susanne H.

1 comment

I dag har eg sett litt på videoar på youtube om korleis ein trener ein hund til å gjere ulike triks og lydigheit generelt. Kvalpen min skal bli lydig, og eg skal stille han på utstilling. Eg har eit mål om at han skal bli norsk champion, for han har eit enormt utstillingspotensiale (viss ein kan skrive det slik). Han har linjer frå Cuba og oppdrettar seier han kjem til å få den fine silkepelsen som havanaisane i Cuba.

Vi, eg, Luna og Alvin, tok oss også ein liten tur ut i bakkane til besta for å leike litt og trene. Prøvde meg på "bli", men Alvin har enno ikkje forstått det heilt. Trur eg skal trene litt på det i rolegare omgivnader i starten. Ellers trente vi på å gå fint i band med kvalpen, og litt innkalling. Alt gjekk eigentleg ganske greitt, heilt til han fann ei tue med sauedritt.

Det blir nok ein del trening framover iallefall! Både for hund og eigar ;-)

Ängebråtens Snickers aka "Alvin"


posted by Susanne H.

No comments








Er dei ikkje fine vel? Luna var litt vel skitten. Ho likar å rulle seg på bakken, og er ikkje så glad i å bli børsta. Blir vel eit bad til helga, kan eg tenke meg... ;-) 

Babyen min, Alvin


posted by Susanne H.

No comments

På lørdag var eg og Cédric og henta babyen min i Lillestrøm. Herregud så nervøs eg var det siste kvartereret frå klokka 12:45. Skulle møte mora hans klokka 13:00. Eg gjekk fram og tilbake på togstasjonen i Lillestrøm, såg etter dama eg hadde sett på bilete på nettet. Så fekk eg ei melding, litt over 13:00. "Where are you?" Hjartet mitt banka. Eg spurte kvar ho var, og ho var på parkeringsplassen utanfor Rema 1000. Eg gjekk ut dit og blei møtt av ei smilande dame med ein utruleg nydeleg kvit og svart kvalp i armane. Herregud så skjønn, tenkte eg. Han skulle bli min!


I går, blei bichon havanaisen, Alvin min. Eg angrar ikkje eit sekund på valet eg tok. Togturen frå Lillestrøm til Oslo gjekk kjempefint. Først var han litt redd og skalv, men han roa seg etterkvart og la seg til å sove på fanget mitt. Han var ganske redd dei første timane, men han kom seg mykje etter ei lita stund.

I dag reiste vi heim frå Oslo. Cédric fulgte meg og Alvin til Gardermoen. Vi tok flyet til Sandane klokka 13:15. Alvin var litt redd for den høge lyden, men ellers gjekk flyturen kjempefint.

Alvin og Luna (havanais som vi har frå før av) går kjempegodt ihop. I dag har dei vore ute og leika i hagen medan eg har raka plenen for pinnar, lauv og stein. Eg gledar meg til mange fine år saman med min nydelege Alvin!




Skal bli mamma til ein liten ein


posted by Susanne H.

1 comment

Huff så stiv og støl eg er! Akkurat som ein stokk... Eg var på spinning på laurdag og på måndag. I går rei eg litt på fjordingen til naboen, og eg datt til og med av. FOR ein balanse eg har. Rei i dag også. Kan trygt seie at eg er ganske så stiv og støl etter alle dei uvandte bevegelsane. Men det går seg nok til, skal du sjå. Skal vekk i helga, til min kjære i Oslo. Det skal bli deilig å sjå han att etter to månader! Kjem ei oppdatering litt seinare, også på søndag. Eg skal nemlig bli mamma til ein liten ein! Berre følg med vidare på innlegga som kjem! Til veka skal eg også prøve å komme meg ut på iallefall tre spinningtimar.
Det blir kjekt det!



Ellers går det i tentamen og heildagsprøver. Det er fryktelig mykje stress på skulen for tida! Har fagdag i framandspråk på måndag. Håpar berre eg ikkje kjem opp i munnleg tysk på eksamen om nokre veker... DÅ døyr eg.


Q: Kven trur dåkke den lille er? :)

Det var noko som mangla


posted by Susanne H.

3 comments

Det har vore ein trist dag på Skei og resten av Jølster. Omtrent alle flaggstengene på Skei var på halvstang, og det stakk i hjartet til fleire av innbyggjarane. Hos nokre stakk det særleg mykje.

I dag var dagen for begravelse. Dagen for avskjed. Dagen for å følgje ein høgt respektert mann til sin siste kvilestad. Kyrkja var full av familie, venner, bekjente, naboar, kollegaer og speidarar.

På minnestunda i dag, skulle eg servere, og det var jo greitt. Det var no det minste eg kunne gjere. Vi serverte skiver med karbonade og salat. Minnestunda var veldig fin. Familie, venner og kollegaer delte sine minner. På slutten av minnestunda skulle vi synge speidarbøna, som vi syng på slutten av kvart einaste speidarmøte vi har.

Kjære Far i høge himmel,
høyr mi stille hjartebøn:
kvar eg enn verda vankar,
lat meg vera sonen din.
lat meg leva deg til æra,
heidre Noreg, far og mor,
andre folk til hjelp få vera,
og so lyda lova vår.


Vanlegvis er det Ragnar som bruker å rope på slutten av bøna: "Speidere, vær budt!", så skal vi svare og gi speidarhelsing "Alltid budd!" Men dette skjedde ikkje i dag. I dag, då vi var ferdige med å synge bøna, var det stille. Vi hørte ingen Ragnar som ropte med ei mørk, djup stemme. Det var stille. Det var noko som mangla. Ragnar mangla.

Som speidarar har vi mista speidarleiaren vår og kjernen i speidargruppa vår. Vi har mista ein mann som stilte opp og kom på speidarmøte og reiste på turar med oss sjølv om han eigentleg var travelt opptatt og eigentleg ikkje hadde tid. Han var ein travel mann som gav mykje av seg sjølv. I 1996, starta han opp Jølster KFUK/KFUM speidargruppe, og siste medlemstal var omtrent 130 medlemar. Sjølv om vi var mange, såg Ragnar kvar og ein av oss.

Sjølv har eg veldig gode minner med denne mannen. Han har tatt meg og andre med på mange korte og lengre turar. Eg har vore med denne mannen på to europaturar, den eine sommaren 2008 og den andre sommaren 2011. Han har tatt speidarpatruljen min med på blåtur til Kråkenes Fyr, noko som var utruleg koseleg. Bowlingturar og badeturar i Førde.

Alle har vi, som er medlem av Jølster KFUK/KFUM speidere gode minner frå Ragnar.

Tenk at ein mann kan få til så mykje. Her er noko eg har opplevd på reise med Ragnar.


Eg fekk oppleve Berlin.

Praha


Barneheim i Romania

Kolloseum i Kroatia. Ragnar til venstre.



Kroatia

Blei kjend med folk frå andre land. Kroatia

Innsbrück

Internasjonal speidarleir (Jamboree) i Loreley, Tyskland

Fekk fleire venner frå andre land. Til venstre: Speidar frå Finland. Til høgre: Speidar frå Tyskland.


Eg har opplevd utruleg mykje på reisene mine med Ragnar og med speidaren. Dette var berre ei av reisene, europaturen i fjor sommar. Tenk at ein mann kan planlegge så mykje for 40 speidarar på reise i 19 dagar. Utruleg. 

Fred over minnet til Ragnar.

Når ord blir fattige


posted by Susanne H.

No comments

Jølster kommune sin rådmann og leiar i Jølster KFUK/KFUM speidarar gjekk brått frå oss i dag. Ein høgt respektert mann. Ein mann med eit stort hjarte og rom for mykje. Ein mann det finst få av.

Dette var heilt uverkeleg for meg og for mange andre speidarar og innbyggjarar i Jølster. Kvifor den snille mannen? Kvar onsdag sto han på og stilte opp for speidarane og gjorde det kjekt for oss. Kvart år, gav han oss ei oppleving som vi seint ville gløyme. Han gav oss unge sjangsen til å reise ut i den store verda. Han gav oss sjangsen til lære og bli kjent med nye menneske og kulturar. Eg gløymer aldri då han overtalte mamma til å la meg få den siste plassen på europaturen med speidarane i 2008. Ein tur med utruleg mange, flotte opplevelsar.

I dag, 4. april 2012, klokka 18:00 og utover, vert det minnestund på Skei misjonshus, speidarane held ope og alle er velkomne!

Tankane går til Ragnar's familie. Måtte han kvile i fred!