Eksamen er overstått, og no gler vi oss til ferie


posted by Susanne H.

No comments

Eksamen er endelig overstått (tysk skriftleg på tysdag) og sola har stått høgt på himmelen heile veka bortsett frå i dag. I dag er det overskya, og eg sit skuffa på biblioteket i shorts og singlet. Jippi.

Eksamen gjekk heilt OK, og eg er berre glad for at eg er ferdig med den for i år. Får 1 veke tidlegare sommarferie enn dei andre stakkars elevane på Hafstad som skal opp i muntleg. Difor synest eg det var greitt å komme opp i skriftleg.

Har forresten kjæresten på besøk heime også, og det er skikkeleg kosleg! Savnar han når han er i Oslo. I går og forigårs var vi og bada saman med nokre venner i Førdefjorden. Herregud, det var kaldt. Det var sikkert ikkje meir enn mellom 10 og 15 grader i vatnet. Så er eg jo sjølvsagt blitt solbrent. Det blir man når det er 28 grader i skuggen og sola steiker som ein vulkan!

I kveld skal eg til Fossheim og grille saman med roverane i speidaren og planlegge kva vi skal gjere vidare i år. Det eg veit at eg vil, er å bli tatt opp som rover og få raude roverklaffar på skuldrane. Det hadde jo også vore kjekt med nokre lengre overnattingsturar på fjellet i den norske, herlege naturen.


(skreiv tidlegare idag)



Leave a Reply